Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Je suis raif

Sidan juni 2012 har Raif Badawi vore fengsla i Saudi-Arabia. Dømt til 1000 piskeslag. Eit liv i eit fengsel der den verste tortur ein kan tenkje seg, går føre seg. Kvifor? Fordi han hadde ein blogg, kalla Free Saudi Liberals, som akkurat den du les no.

Raif Badawi har vorte eit symbol på fridomskampen i Saudi-Arabia. Han var redaktør for ei nettside der han uttrykte sine meiningar om livet som saudi-arabar. Eg har lenge lurt på kva som skulle få nokon til å fengsle ein mann på grunn av hans kritiske syn på ein stat. Nokon må hjelpe regjeringa til å forstå kva ytringsfridom og toleranse er.

Hamnar ein i fengsel i Saudi-Arabia går ein ei hard tid i møte. Den verst tenkjelege måten å straffe, utan å drepe, utførast i fengsla. Dei drep forresten òg, dødsstraff er ikkje uvanleg i det heile. Noko av det aller mest grufulle er kryssamputasjon. Lurar du på kva det er kan du finne ut av det ved å klikke på linken nedanfor. Der kan du også signere Amnesty si underskriftskampanje, som krev Raif og andre menneske som er fengsla for å ha ytra seg, lauslatne.

Saudi-Arabia meiner sjølv at alle saudi arabarar har ytringsfridom, og kan uttale seg om kva dei vil, men slik er det ikkje i praksis. Dette er sjølvsagt berre noko dei seier. Raif er ikkje dømd for ei kriminell handling. Han er dømd for å skrive om kva han syns er urettferdig.

raif

Folk har kjempa lenge for lauslatinga av Raif Badawi. Her frå ei markering i Finland. (Flickr, Amnesty Finland)

Ikkje berre vart Raif dømd til 1000 piskeslag, men han må også betale ein bot på over 2 000 000 kroner, og han er fengsla i 10 år. 1000 piskeslag. 1000 piskeslag på ryggen. Det er tilsvarande eitt piskeslag kvar dag i over 2 år. 985 dagar for å vere meir presis. Han har allereie sona 50 av dei i offentlegheit.
Alt dette på grunn av ein blogg.

Syns du dette er urettferdig? Eg håpar du er einig med meg. Ta deg tid til å klikke på lenka under. Slik kan du hjelpe. Kvar signatur aukar presset på myndigheitene i Saudi-Arabia.

http://www.amnesty.no/aksjon/stopp-piskingen-av-raif-badawi

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.