Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Bærekraftig utvikling
Ein heimlaus på gata. (FLICKR, Diógenes)
Ein heimlaus på gata. (FLICKR, Diógenes)

Korleis kan ein hjelpe menneske ut av fattigdom på ein effektiv og berekraftig måte?

Å finne svaret på dei største, og kanskje viktigaste problema i verda er det nok mange som har prøvd på, utan å lykkast. Å gi u-land oppreisning, å gi alle arbeid, ein trygg stad å bu og næring er noko av det viktigaste ein kan jobbe for. Eg har svaret. Eg har trua på at «grasrotfinansiering» kan løfte mange ut av søla.


Med «grasrotfinansiering» meiner eg noko liknande mikrolån, men med noko meir prosjektbasert hensikt. Mikrolån er i seg sjølv ein svært lur måte å hjelpe gründerar i gong med ideen deira, men ofte kan han bli misbrukt. Ein har dessverre mange eksempel på at menneska som får tildelt mikrolån brukar dei på å kjøpe personlege eigendelar, ikkje starte forretning. Dermed brukar dei opp pengane dei får låne, i staden for å investere dei i ei personleg berekraftig utvikling. Derfor trengs det meir oppfølging til menneska som mottar «grasrotkapitalen», der selskapa som lånar ut pengar kan følgje med mottakaren eit lite stykkje på vegen, slik at ein veit at eit grunnlag er lagt.
Dei økonomiske forskjellane i verda er i dag enorme, og dei blir stadig større. I dag reknar ein med at dei 85 rikaste personane i verda har meir pengar enn dei 3,5 milliardar fattigaste til saman. Ein reknar med at verdas 1% rikaste har meir pengar enn dei 99% fattigaste innan 2016. Ein finn den største andelen fattige i Afrika, men også mange land i Asia og Latin-Amerika slit. Kva skal ein gjere med eit slikt problem, der dei rikaste får meir og meir, medan dei fattigaste ikkje har nokon moglegheit til å reise seg i samfunnet, og i staden for å bli ein ressurs, blir ein byrde?
Ein må alltid hugse på at kvart eit samfunn startar på botnen, og dermed er ein sterk grunnmur svært viktig. Med prosjektbasert startkapital til finansiering av offentlege og private godar, som skuler, helsestasjonar og mindre bedrifter som kan vekse, trur eg ein solid grunnmur kan byggjast. Infrastrukturen som vil vere med på å betre livskvaliteten til foket, vil gradvis byggjast opp.
For å vise eit grovt eksempel. Ein norsk bedrift finansierer eit mindre lokalstyrt afrikansk selskap i startfasen. Allereie her er fleire arbeidsplassar bygga, og dermed heldt fleire seg vekke frå gata. Etter kvart som det afrikanske selskapet klarar å stå på eigne bein, trekkjer det norske selskapet seg ut. Slik skal det vesle selskapet tilby sine godar, byggje arbeidsplassar for lokalbefolkinga og samstundes vere med på å byggje den elementære infrastrukturen i landet.
Eg meiner at dette burde bli ein del av det årlege statsbudsjettet. Ein del av bistandssektoren. På ein måte skal ein gjere dette for å vere snill, men til sjuande og sist er det vi, som stat, som får att. Fleire handlekraftige land, og fleire land som kan betale tilbake gjelda si. Noreg skal bli endå betre til å tenkje makroøkonomisk, altså skal ein tenkje på internasjonal økonomisk politikk. Ei verdsomspennande økonomisk vekst vil sparkast i gong.
Kvar vil eg med dette, tenkjer kanskje du? Som sagt er ein sterk grunnmur for oppreisinga av eit folk, svært viktig. Kvar ville det norske folk ha vore i dag, dersom bakken under beina vår skalv? Det eg meiner er at alle treng ein fallskjerm. Går det dårlig skal ein ikkje slite, men ein skal støttast opp. Folket skal føle seg tryggje. Det er slik ein skapar effektiv utvikling.
Og korleis vil dette løyse fleire av verdas problem? Sei gjerne at eg er ambisiøs. Alt heng saman i ein sirkel. Alt. Klarer ein å skape skikkelig infrastruktur i eit land, kan ein byggje mange arbeidsplassar. Det gjer at folk får pengar, utan å drive kriminell verksemd. Mindre kriminell verksemd tyder færre konfliktar. Færre konfliktar tyder mindre radikal tankegong, og meir siviliserte forhold.
For det er inga hemmelegheit at dei fleste opptroppande IS-soldatane har vore gjennom meir krig og naud enn ein gjennomsnittlig nordmann ville ha gjort om han så hadde levd i fire hundreår. Dei blir spytta inn radikaliserte tankar, som det er bestemt at dei skal tenkje. Ser ein det i det i den store samanheng, er det sannsynlegvis grunna Bashar al-Assad-regimet i Syria at IS troppa opp. Folket var ikkje nøgde med han, for i staden for utvikling meinte folket at han skapa tilbakegong i det syriske samfunnet.
Syria er dessverre eit godt eksempel på kva som kan skje dersom verdssamfunnet lar ei mindre konflikt gå for lengje utan tilsyn. For femten år sidan kom president Bashar al-Assad til makta. Plutselig skulle ein augelege styre eit land, slik hans far gjorde, utan store ambisjonar om levekår som likna meir den vestlige normalen.
«We’re just living on the edge of life. We’re always nervous, we’re always afraid». Dette sa syriske Miriam Akash til BBC som følgje av borgarkrigen i landet. Med dette meiner ho at ho kjem seg ikkje framover. I staden for å arbeide for å få pengar til å leve anstendig, er ho og hennar born i staden nøydd å bruke alle krefter til å verne om livet, kvar einaste dag.
Eg som er glad i mikrolån av heile mitt hjarte, har lett for å tenkje på kva som kunne ha redda Miriam, og alle Syrias innbyggjarar allereie før borgarkrigen starta. Hadde ein sett at Syria sleit, kunne ein ha investert i dei fattige menneska sine idear. I staden for opprør kunne det blitt oppreising i Syria.
Eit fantastisk eksempel på at mikrolån er svært effektivt i land der levestandarden ikkje er lik den ordinære, vestlige, er Muhammad Yunus’ Grameen Bank i Bangladesh. Dette er ein bank som arbeider målretta med mikrolån til svært fattige menneske i Bangladesh, noko som har vist seg å vere veldig vellykka. Ei stadfesting på at dette har vore suksessfullt er at dei har oppnådd Nobels Fredspris. I 2006 vann Grameen Bank, delt med dens grunnleggjar Muhammad Yunus, fredsprisen. Grunnlaget til nobelkomiteen var «for their efforts to create economic and social development from below». (Nobelkomiteen, 2006) Dette støttar også opp teorien min om at alt heng saman i ein sirkel. Skal ein skape fred og sikkerheit i eit land, er god økonomi eit grunnleggjande kort.
Det Yunus’ bank gjorde var å gi mindre lån, vanlegvis berre nokre få tusen norske kroner, til bangladeshiske personar, i hovudsak kvinner, med gode investeringsidear. Vanlige bankar ynskjer ikkje å gi lån til personar dei er usikre på om har råd til å betale tilbake. NHH, Noregs Handelshøgskule, fortel om gründeren Mary frå Tanzania som ville starte kiosk. Ingen bankar ville gi startkapital, og dermed fann ho vegen til ein mikrofinansinstitusjon, og fekk lån på 3000 kroner. Slik fekk ho start på kiosken sin, og betalte fort ned att lånet.

Muhammad Yunus har hatt stor tru på mikrolån, og har vore svært suksessfull.

Muhammad Yunus har hatt stor tru på mikrolån, og har vore svært suksessfull.

Der finnast mange slike historier om menneske som er redda av mikrokreditt, og ikkje minst av bangladeshiske Yunus og hans idear. Av alle som har mottatt lån frå Grameen Bank, er 97% kvinner. Yunus’ seier i eit intervju med nobelkomiteen at han drømmer om ei verd med likestilling, for han meiner at utan kvinner hadde ingenting gått framover. Han fortsett med å snakke om at han vil eliminere fattigdom og arbeidsløyse, og sleppe fri kvart individ sin kreativitet.
Svaret på mange vanskelige, store spørsmål kan vere å hjelpe menneske ut av fattigdom. Likevel er der ingen som er fattige med hensikt om det. Korleis blir ein eigentleg fattig? Mange blir dessverre fødd inn i deira liv utan store forutsetningar om å betre levestandaren frå førre generasjon. Ein blir fødd inn i ein vond sirkel, der ein er nøydd å jobbe frå ein er born, for å metta alle munnar. Slik går ein glipp av viktige skuleår, og risikerer då å ikkje få ei tilstrekkeleg utdanning.
Eit menneske kan nektast tilgang på eit liv utan fattigdom, berre grunna staden dei bur på. Menneske som er så uheldige å bli utsett for naturkatastrofar, som får øydelagt alt dei har, utan at staten har råd til erstatning. Menneske som grunna korrupsjon, alltid blir nedprioritert. Menneske som kvar dag må kjempe mot sjukdommar, der tørkeperiodar eller mykje nedbør øydelegg for dei gode levekåra.
Det er nettopp desse menneska som treng utviklinga ein kan sjå i mange i-land, som aller mest. Det er desse menneska som ofte må føle seg utryggje, for ein veit aldri kvar eller når det blussar opp opprør, eller skjer ei kriminell handling. Utryggheit samsvarer her med inga utvikling.
Mange av menneska som har hamna i denne vonde rundgangen ville gjort kva som helst for å bryte den. Ein høyrer dessverre ofte om båtforlis frå Nord-Afrika, som ikkje klarde å krysse Middelhavet. Desperate menneske som ofrar alt dei har, inkludert deira eige liv, for å søkje etter betre liv i Europa. Desse menneska betalar fleire titals tusen kroner for å få tildelt ny identitet av ein menneskesmuglar. Dette er menneske som ikkje har mykje. Kan dei då ha fått pengane som hjelp frå eit mikrokredittselskap? Slik har dessverre fleire misbrukt ideen om mikrofinans.

I følgje UNICEF er der 7.2 milliardar menneske i verda. 1 milliard av dei er rekna som fattige. Stadig blir dei fleire. (FLICKR, Zoriah)

Eg meiner at organisasjonar som FNs UNDP, ILO og Verdsbanken bør vere hovudinitiativtakarar i denne saka. Prosjektbasert multilateral bistand på grunnivå, burde bli sett på dagsorden, og settast høgt på prioriteringslista. Dei burde vere med på å sikre at ikkje mikrolåna ikkje blir misbrukt, ved god oppfølging og tilrettelegging for lånetakarane.
Verdsbanken meiner eg at burde engasjere seg så fort som mogleg. Det meiner eg sjølvsagt om dei andre organisasjonane også, men Verdsbanken jobbar allereie innanfor bistandssektoren, med både lån, bistand og faglig kompetanse. Dei heldt i dag på med mikrokreditt til ein viss grad, men eg meiner at det er ein sektor det skal satsast endå meir på.
Å byggje eit samfunn frå toppen og ned, er umulig. Derfor er det svært viktig at kvar stat tar initiativ til å betre den generelle levestandarden til innbyggjarane, frå grunnen av. Å gje håpefulle menneske ei sjanse til å få arbeid, er nettopp slik ein kan gjere dette. Ikkje berre byggjer ein staten og samfunnet slik, men kvart enkelt individ. Arbeid er nødvendig for å skape ei kjensle av tilhøyrsle, og vi får utvida vår horisont, både fysisk og erfaringsmessig.
Konklusjonen min er altså at fattigdomsbekjemping er eit nøkkelord som heng saman med sikkerheitskjensla og ikkje minst utvikling. Mikrokreditt er, om ikkje den luraste, i alle fall ein av dei beste måtane å hjelpe fattige menneske, og dermed vere med å leggje grunnlaget for ordentlig infrastruktur i eit land, som er viktig for nettopp sikkerheit og utvikling. Likevel meiner eg at meir oppfølging av lånetakarar, «grasrotfinanisering», må til for å kalle denne metoden perfekt.

For å skape ei rettferdig verd, treng vi fred og tryggleik.

Vil du bidra i diskusjonen?

OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.