Kristian Laxå

Kristian Laxå

Engasjert Haugesundar, som ikkje er heilt A4. Likar at ting rører på seg, og elskar å ha for mykje å gjere. Hardtslåande pønk er aldri feil og er glad i Twitter og den djupe samtalen, og hatar småprat. Interessert i historie og politikk, deriblant feminisme og miljø. Elskar språk, bøker og Europa, og du finn meg som regel med ein kopp med svartkaffi og ei ordbok.

Immigrasjonskø, Narita flyplass, Japan. //Foto: Icars, © 2006.
Immigrasjonskø, Narita flyplass, Japan. //Foto: Icars, © 2006.

Du, me må snakke om migrasjon, nærmare bestemt europeisk arbeidsmigrasjon. Menneskjer har flytta på seg til alle tider, og fri flyt av menneskje er ein fin ting. Tenk deg du kan søkje studiar, lærlingplass, eller jobb i Europa, og det er få hindre du må passere. Det kan eg, det kan du, og det kan 5,6 millionar Europearar. Men lat oss no skrape vekk alt av entusiasme, og snakke om baksida av den frie flyten av menneskje.

Det er på tide at me preikar om dei borna som vert heilt eller delvis foreldrelause fordi foreldra må jobbe i utlandet. Tala er høge, så alt for høge, eit europeisk nettverk som jobbar for desse borna anslår at det per i dag er 500,000 born i Europa som er foreldrelause, som følgje av at foreldra jobbar i utlandet.

Dei vert kalla ”euro-orphans”, altså euro-foreldrelause, men sjølv vil dei veldig gjerne kalle seg  ”sosialt forlatne born”, og eit barn er eit for mykje, her er det snakk om fem hundre tusen, og det kan ikkje beskrivast med ord. Så kan ein jo spørje seg sjølv, kor er politikarane, me treng handling no, eller?

Den økonomiske krisa frå 2008 gjekk hardt utover Europa. Sidan krisen har 3,5 millionar jobbar gått tapt, og berre i 2013 forsvann 200,000 jobbar. Det var også enkelt land som fekk merke krisa på kroppen, deriblant Spania. I Spania var det over seks millionar arbeidsledige i 2013, syner tal frå Eurostat, og i april 2014 hadde fortsatt Spania den høgaste arbeidsledigheitsraten i Europa.

Tek me situasjonen som er nemnd ovanfor i betraktning, er det ikkje så veldig rart at 500,000 born er foreldrelause i dagens Europa, som ein konsekvens av arbeidsmigrasjon. Arbeidsmarknaden er tøff, og det handlar om å behalde ei anstendig løn å leve av, koste kva det koste vil, og born vert ståande igjen som taparar – utan moglegheit til å sjå foreldra sine kvar dag.

Dette er ikkje nødvendigvis eit rettigheitsbrot, men det kan vere i konflikt med barnekonvensjonens artikkel sju som seier at born har rett til å kjenne sine foreldre og få omsorg frå dei, og artikkel atten som seier at foreldra skal ha hovudomsorga for barnets oppseding og utvikling. Borna som har mindre sysken kan miste verdifull skulegang eller fritid, og seinare kan dei utvikle psykiske lidingar.

Så kva kan politikarane gjere for å forbetre situasjonen for dei mange foreldrelause borna? Lèt oss take Polen som døme. Polen er eit land i Europa kor om lag to millionar menneskje bur- og arbeidar utanlands. Polske politikarar har prøvd å oppmuntre polakkar som arbeidar i utlandet til å vende heimatt gjennom eit program som heiter Powroty (heimkomst), og det gjekk ut på at dei skulle få godtgjersler om dei kom att til Polen for å arbeide. Powroty var tragisk nok ein fiasko, men dei er inne på noko for at folk skal verte verande i eit land må det vere ein grunn til å verte verande. Folk kan ikkje gå heime å svelte fordi ein ikkje har jobb.

Det landet som likevel er hardast råka av problematikken i Europa er Moldova. Avhengig av sesong jobbar opp mot tjue prosent av befolkninga i utlandet, enkelte anslag beveg seg opp mot tretti prosent. Moldova har ein befolkning på 3,5 millionar og er Europas fattigaste land.

Dette fattige landet har underskrevet en frihandelsavtale med EU, og vonar no at frihandel og den frie flyten av menneskje skal ikkje berre hjelpe den skrantande økonomien i landet, men at foreldre skal kjenne på ei auka forplikting ovanfor dei foreldrelause borna som er att heime.

I nabolandet Romania som er EU-medlem er saka annleis, der er det kontrovers om EU-medlemsskapet har hjelpt på problematikken med euro-orphans. Rumenarane kan bevege seg fritt i EU, og om dei ynskjer og har råd kan dei late borna flytte utanlands saman med dei. Det er også enklare for dei å late borna kome på besøk, fordi EU tillét friflyt av menneskje også er det ikkje så dyrt å reise i dag som før.

Men på ei annan side så er det klart at Europa kan gjere meir for bornas velvære, blant anna kan ein starte med å innføre EU sine retningsliner på familie gjensameining i heile Aust-Europa, det ville vore særs hjelpsamt, for det kunne hjelpt emigrantane med å ikkje gjeve opp når dei vert møtt med eit omfattande byråkrati når dei ynskjer at borna skal foreinast med dei frå eit tredje land.

 

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Kristian Laxå

Kristian Laxå

Engasjert Haugesundar, som ikkje er heilt A4. Likar at ting rører på seg, og elskar å ha for mykje å gjere. Hardtslåande pønk er aldri feil og er glad i Twitter og den djupe samtalen, og hatar småprat. Interessert i historie og politikk, deriblant feminisme og miljø. Elskar språk, bøker og Europa, og du finn meg som regel med ein kopp med svartkaffi og ei ordbok.