Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Ein gut i ein flyktningleir i Myanmar.   FOTO: Flickr, UN Photo
Ein gut i ein flyktningleir i Myanmar. FOTO: Flickr, UN Photo

I desse dagar står Noreg, og resten av verda framfor den verste flyktningkrisa sidan andre verdskrig. Vi er moralsk plikta til å handle, men likevel skjer det ikkje nok til at vi klarer tilby flyktningane eit verdig liv i eit fredfullt land. Eg skulle ønske Noreg var eit varmt land fullt av menneske som stod med opne armar og ønskte våre brør og systrer velkomne inn frå krig og elendighet. Slik er det dessverre ikkje.

Sjølv kjem eg frå ein kommune som 5. desember i fjor bestemte at vi skulle vere eit godt førebilete, og motta mindreårige einslege asylsøkjarar på eit mottak. Eitt døgn etter vart mottaket offer for nokon sin diskriminerande og forvridde tankegong. Asylmottaket som skulle huse ungdom som flykta for sine liv i det krigsherja Syria, vart 6. desember 2015 brent til grunne.

Dette er grunnen til at eg ikkje lenger har tillit til det norske folk når det kjem til å oppføre seg i samband med de fullt rasjonelle menneskerettane.

Eg tvilar på at eg er den einaste som kjenner meg oppgitt av å lese kommentarane i fora til ulike nettaviser på sosiale media.
26. februar 2016 publiserte TV 2 ein artikkel om “Desperate flyktningar forsøkte å henge seg i Aten”. Kort fortalt skriv dei om Hellas’, og andre Europeiske land, sine innstrammingar av grensekontroll der stadig færre vil passere grensa vidare inn i Europa. To menn såg inga grunn til å leve lengre.
Dei er drivne på flukt, vekk frå sine liv. Det er ingen som vil ha dei. Ingen som ynskjer dei velkomne. Ikkje Noreg heller.
Kommentarfelta til TV 2 vart med ein gong fyld opp av kommentarar frå hatefulle personar, utan respekt for andre menneske.

«Innsamling av mer penger så vi får kjøpt mer tau»
«Mal de gule og kall dæm påskepynt»
«Jippi, endelig gjør de noe fornuftig»
“Ja det er bare å henge seg selv, takk»

Sjå gjerne videoen under for eit betre innblikk i den pågåande krisa.

Inkompetente menneske med framandfrykt forårsakar både internasjonal- og intern mistillit mot den norske nasjon. Kvar og kva tid gjekk dei norske verdiane om likeverd, rettferd og solidaritet ut på dato?

Så lenge det er menneske som uttrykkjer seg på dette viset, brenner ned asylmottak og bruker kvasse, rasistiske ord, vil ikkje eg vere ein del av det «norske» samfunn.

Eg skulle ønske Noreg var eit varmt land, med menneske som viste omsorg for andre, i motsetnad til mange av dei vi finn her i dag. Så lenge der er menneske som fortsett slik, vil eg ikkje vere stolt av å vere norsk.

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.