Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Demonstrantar framfor Stortinget, 28. januar 2015. FOTO: GGAADD
Demonstrantar foran Stortinget, 28. januar 2015. FOTO: GGAADD

Den 28. januar gjekk over ein og ein halv million arbeidarar i Noreg ut i streik mot regjeringas forslag om endring i arbeidsmiljølova. Kvifor skal regjeringa endre på ei lov som er så viktig for så mange i Noreg? Og kven er det eigentleg som vinn på dette?

Det er fakta at rundt 100 000 menneske i Noreg er arbeidslause i dag, av ulike grunnar. Den blå-blå regjeringa vår meiner at det er ei endring i arbeidsmiljølova som skal til for å sikre fleire arbeid. Det dei eigentleg gjer er å skape usikkerheit, ikkje bare for dei 100 000 utan jobb, men òg for dei 2 600 000 som i dag er i arbeid. Med «den nye arbeidsmiljølova» kan ein ikkje sikre dei jobb til neste år.

Det er ikkje slik at lova vi har i dag, er der bare for at vi skal ha ei lov. Den er kunnskaps- og erfaringsbasert! Ikkje reverser ho!

Regjeringa seier at eit av måla deira er å få ungdom i arbeid. Det er eit lurt mål. Det som er dumt er at bankane ikkje velvillig ynskjer å gje bustadlån til menneske med midlertidige stillingar! Dermed vil det verte endå vanskelegare for unge å komme seg ut i bustadmarknaden, og vidare ut i livet!

Ungdommane vinn ikkje på det.

Om to menneske vil stifte familie, med midlertidige stillingar, er det stor sjanse for at det blir eit problem. Ei kvinne, med eit nyfødd barn i henda, er ikkje i den fasen av livet der ho forbrukar minst. Den midlertidige kontrakten har kanskje gått ut, og ho står utan inntekt. Dette vil skape store kjønnsskilnader på arbeidsplassane, ettersom kvinna sannsynlegvis ikkje får forlenge kontrakten når bedrifta veit at ho skal i barselpermisjon.

Vi vil oppleve ei tidsreise der vi tar likestillinga tilbake femti år! Vil kvinnene stå heime, utan jobb, og ta hand om ungane, medan partnaren er inntektskjelda?

Dei som vil stifte familie vinn ikkje på det.

I England er 0-timars-kontraktar populært, og skriv du under ein slik arbeidskontrakt betyr det at du aldri veit kor mykje du tener neste veke. Der er ingen sjuke-, ferie- eller høgtidspengar, og arbeidsgivaren har lov til å sparke arbeidarane på mykje enklare grunnlag enn ein kan per i dag, i Noreg. Lenge leve fleksibilitet!
Dette vil vi ikkje ha til Noreg. Slikt vinn ein ikkje på.

16389261951_f364a48eb2_k

Ein av mange demonstrasjonsplakatar ved demonstrasjonen framfor Stortinget, 28. januar. FOTO: GGAADD

Noreg vart ramma av finanskrisa i 2008, men vi klarte å redde oss, mykje grunna oljeinntektene våre. Landa i Europa som ikkje hentar inntekter av olje, fekk derimot store problem. Ein reknar med at 61 millionar arbeidsplassar gjekk tapt, grunna nedbemanningar og konkursar.
Mange av landa slit fortsatt.

Vil ei god arbeidsmiljølov vere avgjerande for dei òg? Det trur eg. Å lage rettferdig arbeidspolitikk, med langsiktige løysingar for å skape gode arbeidsplassar som vernar arbeidarane, vil hjelpe.

Det handlar om å skape tryggleik slik at arbeidarane veit at dei har ei inntekt til neste år, og slik at dei kan gjere ein god jobb i dag.

Europakommisjonen, det utøvande organet underlagt EU, har nylig lagt fram ein plan som dei meiner vil sikre fleire europearar jobb i framtida. ILO, Den internasjonale arbeidsorganisasjonen, styrd av FN, meiner at opptil 2.1 millionar menneske kan sikrast jobb innan 2018 med denne arbeidspolitikken.
Dette vinn Europa på.

Medan vi fjernar den gode arbeidsmiljøpolitikken vår, «vedtek» Europa han i denne augneblink. Dette vinn ingen nordmenn, eller arbeidstakarar i Noreg på. Vi blir eit land fullt av taparar.

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.