Kristian Laxå

Kristian Laxå

Engasjert Haugesundar, som ikkje er heilt A4. Likar at ting rører på seg, og elskar å ha for mykje å gjere. Hardtslåande pønk er aldri feil og er glad i Twitter og den djupe samtalen, og hatar småprat. Interessert i historie og politikk, deriblant feminisme og miljø. Elskar språk, bøker og Europa, og du finn meg som regel med ein kopp med svartkaffi og ei ordbok.

Eiffeltårnet pynta med EU-flagget. // © Waqqas Akhtar.
Eiffeltårnet pynta med EU-flagget. // © Waqqas Akhtar.

I 2013 markerte ein at det var 75 år sidan krystallnatta, i november 2014 var det 25 år sidan  Berlinmuren fall, og i år vert det markert at det er 70 år sidan den andre verdskrigen var slutt. Europa har gjennomlevd mykje fælsleg, og i dag den 9. mai feirar me Europadagen. I dag er det 65 år sidan Schuman-erklæringa. Erklæringa kor Robert Schuman presenterte visjonen om eit sameint Europa.

Hovudtanken bak Schuman-erklæringa var at det aldri meir skulle verte krig i Europa, difor vart det i 1952 oppretta ein union som dreide seg om kull og stål, noko som er sentralt i krigsindustrien. I byrjinga var dei sju land, Frankrike, Tyskland, Nederland, Belgia, Italia og Luxembourg. Samarbeidet utvikla seg og voks raskt, og i 1967 vart kull- og stålunionen til EF.

EU voks vidare og i dag er det lenge sidan EU var sju medlemsland. I dag har EU 28 medlemsland, med Kroatia som det nyaste tilskottet. Det så lenge ut til at EU skulle vere ein «rikmannsklubb» for vestlege land, men med den store aust-utvidelsen frå 2004 så synte EU verda det motsette. EU synte verda at dei slettes ikkje var ein «rikmannsklubb», men eit solidarisk og inkluderande samarbeid.

Men så er det jo eit faktum at under finanskrisa så fekk EU store økonomiske problem, og arbeidsledigheta i EU skaut i verda, og ungdommar vart hardast råka. Mang ein politisk synsar har spådd EU sin død sidan finanskrisa, men så er det slik at ukrut forgår ikkje så lett, og dessutan så er handel og avhengighet tjukkare enn vatn.

Ser ein på den Europeiske Union i dag så ser det ikkje beksvart ut. Ein har framleis problem med blant anna arbeidsledighet, og mange søkjer seg til utlandet for å få arbeid. Men tal frå Eurostat syner at i 2014 var det fyrste gong sidan 2008 at statistikken over sysselsatte i aldersgruppa 20-64 år  auka. Det er positivt. 

Er ikkje EU ute i hardt vêr om ein ser på  høgrevinden som bles gjennom Europa? Vel ved valet til Europaparlamentet i fjord så vart partiet «Front National» i Frankrike det største partiet til Europaparlamentet med 24,86% av stemmene. I Nederland vart Gert Wilders parti «Partij voor de Vrijheid» det tredje største partiet ved valet til Europaparlamentet. Dette er parti som er 1. svært nasjonalistiske og skeptiske til EU og 2. dei ynskjer å svekke europeisk samarbeid og å hegne om sine nasjonalistiske prinsipp. Dei ser ikkje gevinsten i samarbeid.

Ein kan også spørje seg sjølv kva det er David Cameron tenkjer med, når han ynskjer å tre ut av EU og erstatte eit heilt medlemsskap med ein handelsavtale. Dette vert særs interessant å følgje med på no som dei konservative skal danne fleirtalsregjering i Storbritannia.

Eg har ein ting å seie til David Cameron: Lukke til, Noreg har ikkje eit optimalt alternativ til medlemsskap.

 Nei, EØS-avtalen er ikkje noko optimalt alternativ til eit medlemsskap. Men fjernar ein EØS-avtalen også er eg usikker på kva me sit igjen med. Gjeld fortsatt handelsavtalen frå 1972? Eg er ikkje så sikker, men noko må gjerast med EØS-avtalen den er udemokratisk, me får direktiver trykt nedover hovudet som ikkje er bestemt av oss og det grip inn i kvardagslivet vårt og påverkar oss på godt og vondt.

EU er eit europeisk samarbeid, og eit samarbeid på tvers av landegrenser. Det er forsåvidt fint at det er 28 land som maktar å samarbeide til trass for kulturelle skilnader. Ein sterk politisk stemme, som kan gjere noko med dei ulike problema me står ovanfor.

Til dømes klimatrugselen, som er vår tids største problem. EU har vedteke at innen 2030 skal klimagassutsleppa ned 40% samanlikna med 1990-nivå. Kva gjer den norske regjeringa? Jo, dei kjem med åtvaringar til EU om å love luftslott, for så å hengje seg på klimamåla til EU. Det seier meir om regjeringa sitt syn på klima, enn EU sitt syn på klima. Den europeiske union gjer i hvertfall noko, ikkje nok, men dei sit heller ikkje stille med henda over øyrene og tenkjer at klimaproblema ikkje eksisterer, som eit trassig born på tre.

På ein dag som denne så er det vel så viktig å hugse på at dette store politiske samarbeidet ikkje er perfekt. EU er slettes ikkje perfekt, born som bur utan foreldre, fiskeripolitikk utvikla av politikarar som ikkje har peiling på fiskeri, flyktningar som døyr i Middelhavet, apropos flyktningar i Middelhavet har du høyrt om «Frontex»? Men alt dette er ting som EU jobbar for å forbetre, heldigvis, men diverre ting tek tid.

 Avslutningsvis så er det klart at EU også i framtida vil vere ein aktør å rekne med. Spør du meg så er EU framtida, fordi framtida ligg der ute i Europa.

EU handlar til sjuande og sist om fridom, fred og demokrati, sjølv om at Den Europeiske Union ikkje er perfekt, men når eg tenkjer meg om så kan eg ikkje kome på nokon store politiske samarbeid som er det.

Med dette vil eg ynskje alle ein god 9. mai, og gratulera med Europadagen.

 

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Kristian Laxå

Kristian Laxå

Engasjert Haugesundar, som ikkje er heilt A4. Likar at ting rører på seg, og elskar å ha for mykje å gjere. Hardtslåande pønk er aldri feil og er glad i Twitter og den djupe samtalen, og hatar småprat. Interessert i historie og politikk, deriblant feminisme og miljø. Elskar språk, bøker og Europa, og du finn meg som regel med ein kopp med svartkaffi og ei ordbok.