Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

FN sine medlemsland sine flagg utanfor Nasjonspalasset i Genève.
FN sine medlemsland sine flagg utanfor Nasjonspalasset i Genève.

Svar til “Anonym (16)”, “FN er et diktatur”, publisert 15. september i Aftenposten.

 

Kjære “Anonym (16)”. Som ein del av din “nøkkel til fremtiden” har eg haugevis av tillit til FN. Eg seier ikkje at eg skal bruke min “nøkkel” til å promotere den perfekte internasjonale organisasjonen av sameinte nasjonar, for det er eg einig med deg at den ikkje er prikkfri. Likevel er det nokre poeng eg gjerne vil at du skal forstå.

Vetoretten er omstridt, og kor vidt han fortsatt skal eksistere er på dagsorden allereie. Kanskje skulle nokre av stormaktene i sikkerheitsrådet ha vore bytta ut? Kva med Brasil, Japan, Tyskland, India? Skulle dei hatt plass? Kanskje ein skulle ha utvida sikkerheitsrådet slik at fleire land fekk delta om gangen? Likevel, kva gjer deg lyst til å kritisere organisasjonen som er med på å passe på at staten ikkje bryter lova mot deg?

Utan FN hadde ikkje privilegerte du hatt dei same menneskerettane, samt dei nye bærekraftsmåla, med jamn og sikker oppfølging som du har i dag. Eg veit at FN har gjort meir bra enn dårleg.

united nations 2

FN sine hovudkvarter i New York. Bygningen er lyst opp med alle medlemslanda sine flagg, samt dei 17 bærekraftsmåla.

FN er ikkje perfekt, og vil kanskje aldri bli det. Det eg veit er at utan FN hadde ikkje vi hatt den same sikkerheitsramma rundt oss, som vi i dag har. FN har vore meklar i eit enormt tal sakar med fleire nasjonar innblanda, og deltatt aktivt i fleire konfliktar for å kome til ei løysing, med suksess.

Du meiner at FN er diktatorisk styrt. Kva med den årlege generalforsamlinga der alle dei 193 medlemslanda får framme si meining? Kvar minste stat har ei like høg stemme som dei største stormaktene. Kva med bærekraftsmåla ALLE medlemslanda godtok å jobbe med, SAMAN?

Sikkerheitsrådet er skildra som FN sitt handlingsorgan. Der er ni medlem, og fem faste med vetorett. Sjølv om det er fem land med vetorett er det ikkje slik at dei hemningslaust bruker den i alle saker som har den minste negative betyding på deira land. Du må huske, dei har ein heil verden som tilskodarar.

Om du meiner at FN samsvarer med nokon av dei verste diktatorane i verdshistoria, og berre er til bry, så syns eg ikkje du forstår kor heldig du er som blir beskytta og passa på. Sannsynligvis er du vant med å ha det godt, slik som dei fleste nordmenn, og forstår derav ikkje viktigheten av FN?

Eg håpar du snart vil innsjå kor mykje bra FN gjer, at vi ikkje kunne klart oss utan ein slik organisasjon, og at vi, ungdommane, skal vidareføre han, og betre han.

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.