Julie Sætre

Julie Sætre

18 år gammal, og bur nord for Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Representantar frå Ungdomspanelet saman med Thorvald Stoltenberg og Ingrid Eide. FOTO: FN-sambandet
Representantar frå Ungdomspanelet saman med Thorvald Stoltenberg og Ingrid Eide. FOTO: FN-sambandet

Året etter FNs dannelse, vart FN-sambandet oppretta, og skulle verke som ein informasjonskanal, og debattskapar, mellom FN og innbyggjarane i landet. Torsdag 13. oktober vart jubileet feira på Nobels Fredssenter, og representantar frå Ungdomspanelet var sjølvsagt til stades.

Utanriksminister Børhe Brende (H) snakka om FN-sambandets viktige betydning.

Utanriksminister Børhe Brende (H) snakka om FN-sambandets viktige betydning. FOTO: FN-sambandet // Martine Kværner Roberts

Kvelden var prega av taler og helsingar frå Regjeringa, og ulike organisasjonar. Utanriksminister Børge Brende talte om korleis FN er nødvendig for nasjonalt samarbeid og konfliktløysing:

Vi trenger mer FN for å løse de store globale utfordringene. Det er få land i verden hvor støtten til FN er større enn i Norge. Takk til FN-sambandet for at dere forankrer kunnskap i befolkningen, og 70 år i opplysningens tjeneste for spredningen av kunnskapen over hele landet.

3

Sidra Yousaf og Leon Bafondoko i samtale med Thorvald Stoltenberg og Ingrid Eide. FOTO: FN-sambandet

Bloggarane våre, Leon og Sidra, møtte Thorvald Stoltenberg og Ingrid Eide til samtale på scena, om korleis det unge engasjementet har endra seg frå 1950-talet. Korleis sosiale media, samt ny teknologi, har gjort verda «mindre» vart trekt fram som eit viktig verkemiddel.

Sidra kom med eit ynskje om at ein er nødt til å byrje å høyre meir på ungdommen, ettersom dei kan vere ein stor ressurs dersom dei hadde fått meir spelerom, og meir innflytelse i samfunnet:

Kanskje en av oss blant dagens ungdom har løsningen på klimautfordringene. Det høres kanskje naivt ut, men vi må ha håp.

Thorvald Stoltenberg svarte:

Ikke vær redd for å være naiv, gjennom naivitet kan man oppnå mye.

Ulrikke og Julie saman med Thorvald Stoltenberg. FOTO: FN-sambandet

Ulrikke Hugaas og Julie Sætre saman med Thorvald Stoltenberg. FOTO: FN-sambandet

I tillegg tok Ungdomspanelet, med Sophia Adampour i spissen, seg fridomen til å fremje ein politisk bodskap under fotograferinga saman med Børge Brende. #JAtilatomvåpenforbud!
1

Ungdomspanelet gratulerer FN-sambandet med 70 år, og ynskjer dei minst 70 nye, like bra år.

 

 

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

18 år gammal, og bur nord for Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.