Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

"Nasjonspalasset", FN sine kontor i Genève.
"Nasjonspalasset", FN sine kontor i Genève.

 

«FN ble ikke skapt for å ta oss til himmelen, men heller for å redde oss fra helvete.»

-Dag Hammarskjöld, FN sin andre generalsekretær.

 

Dei Forente Nasjonane si pakt vart underteikna i San Fransisco 26. juni 1945, og trådde i kraft allereie 24. oktober same år. FN-pakta er for mange i dag rekna som «grunnlova» i organisasjonen, og medlemslanda er plikta til å følgje dei tilhøyrande vedtektene. Spesielt høgt verdsatt er prinsippet om statssuverenitet. FN har i dag ein høg terskel før dei gjev ut mandat til å ta i bruk makt mot andre land, for ikkje å tråkke på desse universelle rettane. Burde FN ha brukt meir makt for å løyse internasjonale konfliktar?

FN vert rekna som ein mellomstatleg organisasjon. Dette betyr at sjølv om eit land er medlem, vil det behalde sin nasjonale suverenitet, utan internasjonal innblanding gjennom avstemmingar ein sjølv ikkje er einig i resultatet av. Dette er sjølvsagt med mindre dei femten landa i Tryggingsrådet, eit organ som er rekna som overstatleg, gjev mandat til å bryte inn i konflikten.

Makt kan skildrast som ei evne til å gjennomføre noko, utifrå posisjonen ein står i. FN kan i dag kan bruke ulike typar makt til å løyse internasjonale konfliktar, som først og fremst handlar om den respektable autoriteten organisasjonen har, som dei bruker til å fremje fredeleg diplomati og mekling. Dersom dette ikkje fører fram til ei løysing er den «vanlege» prosedyren å innføre sanksjonar mot landet/landa. Om heller ikkje dette verker vil siste moglegheita vere å ta i bruk militær makt.

Sist gong FN brukte militær makt for å prøve å løyse ei internasjonal konflikt var i 2011, då styrkar frå Nato fekk mandat til å gå inn i borgarkrigen i Libya. Kor vidt denne aksjonen vart vellukka er det usemje om, der somme meiner at den einaste sigeren ein trong var Muammar Gaddafi si avtrapping. På den andre sida stod for eksempel myndigheitene i Russland og Kina, som meinte at intervensjonen gjekk for langt ved at styrkane blanda seg inn i den interne politikken landet, i tillegg til at Gaddafi vart drepen av opprørarar. Dermed er det også naturlegvis diskusjon om denne typen maktbruk burde brukast eller ikkje. Den kvitta seg med problemet, men skapa misnøye med vidare militær intervensjon for fleire skeptiske land.

FN sitt hovudkvarter i New York. FOTO: UN Photo/Rick Bajornas, CC BY-NC-ND 2.0

FN sitt hovudkvarter i New York. FOTO: UN Photo/Rick Bajornas, CC BY-NC-ND 2.0

Grunnen til at FN ikkje deltek militært i Syria-konflikten er grunna veto frå Russland og Kina då det vart foreslått ein resolusjon i Sikkerheitsrådet. Dei meinte at erfaringane frå FN-inngrepet i nettopp Libya i 2011 viste at militær maktbruk er altfor risikabelt.

Eit anna argument mot militær intervensjon handlar om at ein ikkje på førehand kan garantere at konflikten blir løyst, og i verste fall kan inngrepa forverre han. Dette dilemmaet står FN ovanfor når Sikkerhetsrådet skal bestemme om det skal gjevast løyve til å bryte inn eller ikkje. Dersom FN, som anerkjent fredsbyggjar, skal bruke militær makt for å løyse ein konflikt kan det skade omdømmet til organisasjonen dersom intervensjonen ikkje skulle gå som planlagt.

Dilemmaet handlar i grove trekk om kva som betyr mest av to viktige prinsipp. Anten prinsippet om statleg suverenitet, eller prinsippet om å oppretthalde og beskytte menneske frå brot på menneskerettane. For mange vil sistnemnde vere argumentet som veg mest. Dei meiner at risikoen ved militær innblanding i ein konflikt kan vere nødvendig å ta, når det kan løyse konflikten som er grunnen til brot på menneska si liding.

Som siste utveg tek det ofte svært lang tid før FN gjev mandat til militær intervensjon i internasjonale konfliktar. Denne tida kan i nokre konfliktar vere fatal. I staden for å la den militære maktbruken stå som siste utveg, burde ein ha hatt lågare terskel for å ta dette i bruk? Det er vanskelig å svare på om kor vidt konflikten kunne ha blitt løyst raskare ved militær maktbruk, men ein kan sjå på det som sannsynlig at dette kunne ha vore med på å redde mange liv i for eksempel Libya. På den andre sida vil denne meir aggressive haldninga kanskje gjere at FN mistar integritet som fredsbyggjande organisasjon, og vil dermed miste autoritet som meklar i internasjonale konfliktar.

I 2005 vart det innført nye reglar for maktinngrep i statar som låg til rette for meir maktbruk, der det blant anna står at internasjonale samfunnet har ansvar for å oppretthalde og arbeide for menneskerettane til befolkninga i eit land, dersom ikkje myndigheitene gjer det. Dette prinsippet er kalla Responsibility to Protect, også kalla R2P, men har berre vore brukt ein gong tidlegare, i Libya i 2011. For at R2P skal føre til at FN brukar militær makt i eit land må seks vilkår vere oppfylte. Dei handlar i all hovudsak om at ein intervensjon vil vere einaste moglege løysinga på ei konflikt, der alle andre løysingar allereie er utprøvd. I tillegg skal skadeomfanget gjerast så lite som mogleg, og det må vere saklig grunna å tru at aksjonen vil føre fram. Med ein slik regel undrast mange på kvifor FN ikkje nyttar militær makt i for eksemel Syria, eller i Israel-Palestina-konflikten, der meklinga for lengst har vist seg som nyttelaus. Dette er grunna vetoretten som Russland og Kina har tatt i bruk, som ein ser at verkar som ein stoppar for maktbruk.

Å bruke meir makt som ikkje speler på militære verkemiddel kan samstundes også vere effektivt. Nyleg innførte FN nye sanksjonar mot Nord-Korea for å vise statsminister Kim Jong-un og hans regjering kva resten av verda meiner om atomvåpenutprøvinga deira, som kan stride mot FN-pakta sin artikkel 2.4. 19. februar skreiv Reuters om Kina som same dag nekta å importere kol frå Nord-Korea, med varigheit minst ut 2017.

1953 - Dag Hammarskjöld, den første generalsekretæren i FN.

1953 – Dag Hammarskjöld, den andre generalsekretæren i FN.

Denne typen «straff» vil i hovudsak handle om økonomisk makt, og vil prege landet sine inntekter. Å presse eit land til å sjølv stanse det som for mange oppfattast som truslar mot sikkerheita i andre land, og dermed kan betegnast som ein internasjonal konflikt, kan ha både positive og negative følgjer.

Slike sanksjonar kan prege landet sin økonomi i ein så betydeleg grad at dei ser seg nøydd til å stanse det FN oppfattar som grunnlaget for konflikten, på mykje meir fredeleg vis enn intervensjon med militær makt. På den andre sida vil dei økonomiske tapa gjerne gå utover landet sine uskyldige innbyggjarar, som kan forverre livssituasjonen deira.

Kort summert opp kan meir og hyppigare bruk av makt av FN føre med seg både negative og positive følgjer. På den eine sida kan det føre til at FN kan miste sitt omdømme som fredsbyggjande organisasjon, og miste autoritet ved oppfordring til mekling dersom intervensjonane ikkje skulle gå som planlagt, samt ved aggressiv åtferd. I tillegg vil dette vere motstridande til FN-pakta sitt syn på prinsippet om statssuverenitet. På den andre sida vil tidlegare og meir maktbruk kanskje føre til at ein reddar liv ved at konfliktane ikkje rekk å utbreie seg til (meir) brot på menneskerettane.

Som Dag Hammarskjöld ein gong sa, er ikkje FN til for å ta oss til himmelen, men heller for å redde oss frå helvete. Altså vil eit slikt dilemma handle om risikoen ved å la FN bryte inn i ein konflikt ein ikkje kan garantere at blir betra på den eine sida, og risikoen ved å la menneske leve under internasjonal konflikt på den andre sida. Dersom større bruk av makt er naudsynt for å redde dei, er det ei løysing FN burde vere villige til å ta. Sjølvsagt med det kriterium at makta blir brukt på riktig måte.

Vil du bidra i diskusjonen?

OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.