Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Bærekraftig utvikling

 

Utallige gongar har eg hørt om kor viktig det er å bevare regnskogen, utan heilt å forstå korleis, og kvifor.

No har eg derimot forstått at vi lever i ein tid der våre handlingar er vitale for både oss, og framtidige generasjonar. Dersom det blir nokre framtidige generasjonar sjølvsagt. Forbrukssamfunnet vi lever i, luksusen vi omringer oss sjølve i, det er det som har vært øydeleggjande for landa som ikkje har ein skyhøg BNI (bruttonasjonalinntekt).

På den andre sida av jorda bur det menneske som betalar for vår luksus. Dei betaler med sine heimer, og med sine liv.

 

BeFunky Collage

 

Fortvil ikkje! Du kan vere med å redde menneska som får svi for det vi gjer med regnskogen i dag, og ikkje minst med alle dei menneska som skal leve på jorda vår i kommande generasjonar. Regnskogfondet har tips til korleis ein kan bidra.

  • Sei NEI til regnskogøydeleggjande palmeolje.
  • Unngå møblar laga av tropisk tømmer.
  • Krev dyrefòr utan soya frå regnskogen.
  • Nekt norske forlag å bruke tømmer frå regnskogen til bøker.
  • Bli regnskogvokter.

 

Les mer: FNs bærekraftsmål skal også redde regnskogen. 



 

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.