Kristian Laxå

Kristian Laxå

Engasjert Haugesundar, som ikkje er heilt A4. Likar at ting rører på seg, og elskar å ha for mykje å gjere. Hardtslåande pønk er aldri feil og er glad i Twitter og den djupe samtalen, og hatar småprat. Interessert i historie og politikk, deriblant feminisme og miljø. Elskar språk, bøker og Europa, og du finn meg som regel med ein kopp med svartkaffi og ei ordbok.

Eit regnbogeflagg med fred på, frå ein anti-Pegida-demonstrasjon i Berlin. Foto: Zeitfixierer, ©  2015.
Eit regnbogeflagg med fred på, frå ein anti-Pegida-demonstrasjon i Berlin. Foto: Zeitfixierer, © 2015.

Ytringsfridom er viktig og det er ikkje berre viktig det er uvurderleg. Ytringsfridomen er din rett til å meine og seie kva du vil. Den fridomen er så viktig at den er skriven ned i FNs erklæring om menneskjerettane, og ja det er ein menneskjerett å ytre seg nett som ein vil sjølv. Men kva gjer ein når nokon vil bruke sin ytringsfridom til å spreie hat, framandfrykt og fordommar mot andre?

Ein av organisasjonane som spreiar hat, framandfrykt og fordommar er «PEGIDA» som står for Patriotiske europearar mot islamisering av Vesten. Det er ei tysk rørsle som starta opp i byen Dresden i den tyske delstaten Sachsen, og dei brukar slagordet «wir sind das Volk», eller me er folket, protestropet som vart brukt mot kommunistane i 1989, har no fått ei heilt ny meining. Men kvifor demonstrerer dei?

Kvifor er nokon ute etter å spreie så mykje hat, og kva er grunnen til at så mange tek til gatene?

Dette er ei rørsle som har klart å samle støtte på høgresida på kort tid, rørsla seier den er imot den såkalla «snikislamisering» av Vesten. Hovudgrunnen til at den har klart å samle støtte i følgje politiske analytikarar er at hovudpartia i tysk politikk SPD & CDU har hatt ein dragning mot sentrum-venstre. Spesielt tenkjer ein på Angela Merkel sitt parti CDU som over tid har gått frå å vere eit sentrum-høgreparti til å verte eit sentrum-venstreparti. Dette har opna opp eit vakuum på høgresida som Pegida har sprunge ut i frå. Dette kan vere ein av fleire grunnar til at så mange folk har slutta opp om rørsla.

Me kan ikkje berre avfeie Pegida som høgreekstreme, og nazistar. Ja, dei er også med å demonstrerer, men det er eit viktig poeng at dei ikkje utgjer majoriteten av demonstrantane. Demonstrasjonstoga er fylte med den vanlege mannen i gata som har eit forskrudd bilete av religionen islam, og det er også viktig å ha i bakhovudet Pegida er ikkje er ei rørsle som er mot innvandring. Dei er berre mot religionen islam.

Ein kan ikkje seie at folka som er ute i gatene og demonstrerer saman med Pegida ikkje skal få ytre seg. Det er tvert i mot veldig viktig at dei ytrar seg i det offentlege, og frontar dei forskrudde meiningane sine. Dei må også få bruke ytringsfridomen sin, fordi då kan me møte dei, og seie at nei det dei meiner ikkje er greitt. Tenk deg om dei vart sitjande inne og ikkje ytra seg, kva ville skjedd då, 22. Juli på ny? Difor er også deira ytringsfridom viktig, like viktig som min og din ytringsfridom.

Er Pegida farlege? Det kan ein ikkje seie for sikkert, men det er absolutt viktig å rope varsku om dei. Til og med statsministeren i Tyskland Angela Merkel adresserte problemet i sin nyttårstale:

«Til alle som deltar i slike demonstrasjonstog, vil eg seie: Ikkje følg dei som agiterer til det. For ofte har dei fordommar, kulde og til og med hat i hjartet.»

Høgreekstremisme har lenge vore på frammarsj i Europa, og det kan ein ikkje feie under teppet. Det kan ein sjå på valet til Europaparlamentet i 2014: Til dømes fekk «Front National» 24,86% av stemma i Frankrike til valet i Europaparlamentet. Saka er ikkje noko betre i Nederland kor det tredje største partiet til valet i Europaparlamentet er Gert Wilders parti «Partij voor de Vrijheid». Dette er parti som er skeptiske til EU, og som ikkje ynskjer noko sterkt Europeisk samarbeid, tvert i mot ynskjer desse partia å svekke ikkje berre europeisk samarbeid, men også EU.

Men den høgreekstreme tendensen har desidert vore størst i Ungarn, kor regjeringspartiet «Fidesz» og det meir høgreradikale partiet «Jobbik» har stilt seg bak ein del grumsete og rasistiske utsegner mot jødar og romfolk.

Me treng ikkje ein gong å bevege oss lengre enn til vår kjære nabo Sverige for å finne bevis på at høgreekstremisme er på frammarsj i Europa. Ein kunne lese på NRK at om det hadde vore val i Sverige i dag hadde 13,6% stemt på det høgrepopulistiske partiet «Sverigedemokratarna», der i blant mange kvinner og høgt utdanna personar.

Så kva kan EU gjere? Pegida sine ytringar er eit klart brot på EU sitt rammeverk for å kjempe mot rasisme og framandfrykt. Avtalen går ut på at personar kan dømmas til mellom eitt og tre års fengsel for å syne rasisme eller utøve vald mot personar basert på hudfarge, rase, nasjonalitet eller etnisk opphav. EU må sørgje for at dette rammeverket vert følgt i alle land. Spesielt har Europakommisjonen ein jobb å gjere her som er det organet i EU som har ansvaret for å følgje med på at lovar og regler frå EU til ein kvar tid vert handheva i medlemslanda.

Så kva kan me gjere? Pegida spreiar seg jo over landegrensene? Ein må hugse på at dette er marginale grupper, ikkje berre i Noreg, men også i Dresden, og i Tyskland. Det er berre 3,3% av Dresdens befolkning som er ute i gatene for å demonstrere, og mange er sjølvsagt ikkje innbyggjarar i Dresden heller. Det vert også synt motstand mot Pegida. Blant anna skrudde kyrkja av ljoset i Kölnerdomen i Köln for å syne at kyrkja tek avstand frå demonstrasjonane. Også ljoset på Brandenburger tor vart sløkt når Pegida marsjerte i Berlin. I Dresden deltok over 20,000 på ein anti-Pegida-konsert.

Eg kan også take eit heilt konkret døme frå min eigen bakgard. Når Pegida marsjerte i Stavanger, måndag 16.02.2015. Det var 15 stk. som møtte opp for å gå i Pegida sin marsj, og 102 stk. gjekk i demonstrasjonstog mot Pegida. Så sjølv om Pegida skriker at «me er folket», og Max Hermansen i norske Pegida prøver å snakke om «elefanten i rommet», så syner motreaksjonane til folk at det finnes eit von om at Pegida held fram med å vere ei marginalgruppe som ingen folk vil ha i sine gater, verken i Tyskland eller Noreg. For det er ikkje kult med rasistar, uavhengig av kven sine gater dei demonstrerer i.

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Kristian Laxå

Kristian Laxå

Engasjert Haugesundar, som ikkje er heilt A4. Likar at ting rører på seg, og elskar å ha for mykje å gjere. Hardtslåande pønk er aldri feil og er glad i Twitter og den djupe samtalen, og hatar småprat. Interessert i historie og politikk, deriblant feminisme og miljø. Elskar språk, bøker og Europa, og du finn meg som regel med ein kopp med svartkaffi og ei ordbok.