Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Fylkesbygget i Craiova. FOTO: Privat
Fylkesbygget i Craiova. FOTO: Privat

Fredag 13. mai reiste eg forventningsfull, håpefull og kanskje litt uvitande til eit land eg visste lite om. All min informasjon hadde eg fått av «allmenne fordommar» om folket frå Romania, som visstnok var uærlige og urettferdige menneske. Tidleg på fredagsmorgonen sat eg meg på flyet til Bucuresti, hovudstaden i Romania. Saman med 26 andre nordmenn skulle eg få oppleve kvardagen til rumenarane, både dei som hadde nok, og dei som hadde altfor lite. Dette er mine inntrykk.

Bucuresti var ein by av overflod når det kom til estetiske verdiar. Desse verdiane forsvann meir og meir for kvar time unna byen vi køyrde. Landet verka mindre og mindre velståande jo lengre unna hovudstaden ein reiste. Vi stoppa i byen Craiova, med storleik litt større enn Stavanger. Også her var det innslag av både rikdom og fattigdom.

Kart over România

Kartet viser kvar Romania er i Europa. Kart: Wikipedia

Hotellet eg budde på var langt unna norsk standard, med små, harde sengar, og vatn ein måtte vere varsam med å svelgje, men dessverre var det ikkje betre levekår eg skulle få oppleve dei neste dagane. I samarbeid med Adina Stiftelsen som har prosjekt med unge i både Romania og Uganda, fekk eg, som elevrådsrepresentant ved min skule, moglegheita til å besøkje rumenske familiar i deira heimer.

Korleis dei klarte å vere så lykkelege under så dårlege kår, veit ikkje eg om bortskjemte-eg kjem til å forstå nokon gong. Dei hadde lært seg å vere takksame for det vesle dei hadde, medan vi norske ungdommar har vokst opp i ein kultur der ein alltid ventar meir.

Husa på landsbygda utanfor Craiova var små, men ofte i ok stand, men i fleire av dei er eg fortsatt bekymra for om taket held seg oppe stort lengre. Det var ofte svært trangt om plassen, ettersom mange familiemedlem ofte budde saman.

I huset på biletet under var dei einaste lampane dei hadde «heimelaga», med lyspærer hengt saman med leidningar som hang ned frå taket. Dei hadde heller ikkje nok sengeplassar til alle som budde der, slik at eldstemann såg seg naudt i å sove i ein stol kvar natt. Ikkje i nokon hus eg besøkte var det innlagt sanitærutstyr.

13241547_1040710269354189_730128550_o

Husbesøk utanfor Craiova. FOTO: Privat

Noko som var svært spesielt var at barna på dagsenteret vi besøkte såg ut som typiske norske barn der dei leika. Dei hadde fine klede, og var glade. Heime hos dei stod det derimot ikkje like bra til. Ein kunne absolutt ikkje sjå på dei aller fleste barna at dei var frå ressurssvake heimer.

Synet av dyra på tunet var det einaste oppløftande med besøket til familien som bur på staden ein ser på biletet under, forutan mora si omsorg til sine to barn. Huset hadde tre rom, og fire menneske budde omtrent oppå kvarandre. Heldigvis hadde dei stor plass utanfor huset, og dei hadde både kattar, grisar og kyllingar. I tillegg eig familien eit lite stykke jord der dei dyrka mat.

Noko eg lærde på mi reise er at sjølvforsyning er svært viktig i Romania, ettersom mange familiar ikkje har pengar nok til å kjøpe alle varene dei treng for å sleppe unna sulten.

13234665_1040713502687199_1745787947_o

Husbesøk utanfor Craiova. FOTO: Privat

Etter to dagar med konstant påfyll av nye, sterke inntrykk av ei verd eg berre har hørt om, skulle eg verkeleg få oppleve gleda og engasjementet til dei rumenske barna på dagsenteret Adina Stiftelsen er så fantastiske å organiserer. 17. mai-feiringa vart framskynda til 15. mai i år, og dei rumenske barna fekk kjenne på korleis det var å feire den norske nasjonaldagen.

Etter at dei svært lydige barna hadde blitt delt opp i grupper, vart dei sendt til kvar sin post med typiske 17. mai-aktivitetar. I tillegg fekk dei smake norske vaflar, importert halvfabrikat direkte frå Bergen, noko som vekka stor interesse hos både barna og dei frivilige vaksne. Ei så fin 17. mai-feiring trur ikkje eg at eg har opplevd, sjølv i Noreg.

Etter fire dagar i den ekstremt flate terrenget i sørlige delen av Romania reiste vi nordover, til Bran. Korsa langs vegen minna om kor farleg det var å ferdast med bil i Romania, og vekka sterke kjensler då eg fekk auge på eit bilete av eit yngre systerpar på eit stort krusifiks ved vegen.

Igjen såg vi fattigdommen, eller mangelen på velstand, jo lengre vekk frå byane ein kom. Likevel var der eit praktfult fjellområde vi skulle bu i dei neste dagane.

Det slo meg, der vi køyrde i fire-fem timar vekk frå Craiova, at mange barna som gjekk på skule der, dei vi no hadde blitt kjent med og knytta band til, har aldri vore så langt vekke frå deira heimstad som vi no køyrde. Mange av dei hadde ikkje ein gong besøkt Craiova, som er ein liten halvtime unna dagsenteret.

13271679_1040713472687202_1932092720_o

Meg i Bran Castle. FOTO: Privat

Bran er kanskje mest kjent for å vere «heimstaden» til Dracula. I alle fall heimstaden til legenda om vampyren Dracula. Altså befann vi oss no på ein typisk turistplass. Folk frå heile verda var samla her for å besøke Bran Castle, eller på rumensk Castelul Bran, og standarden på alt frå vegar til butikkar var her vesentlig betre enn i Craiova, eller andre plassar ein sjeldan ser turistar.

Hotellet vi budde på var «all inclusive» og meir til, noko eg ikkje hadde venta meg etter besøket i Craiova. Eg synes det er urettferdig, og ikkje minst feigt gjort av den rumenske regjeringa å framstille landet deira på denne måten. Korleis pengane blir brukt etter kor mykje turist-dragning staden har, er enormt foraktelig. Turistane som kjem til Bran, vil ikkje få sjå det ekte Romania. Dei vil sjå fasaden regjeringa har laga for resten av verda.

Kontrastane mellom rikdom og fattigdom i ulike delar av Romania var lett å få auge på, ettersom forskjellane var enormt store. Korleis nokon delar av landet var framst i køen, medan andre delar var nedprioritert og gløymd av regjeringa.

Adina Stiftelsen fortener verkeleg all honnør for jobben dei gjer, som er med på å gjere liva til dei rumenske barna dei hjelper gjennom ulike prosjekt, blant anna dagsenteret eg besøkte, litt betre. Etter å ha vore der, etter å ha snakka og ikkje minst etter å ha lytta til barna, har eg ikkje den minste tvil om at dei verkeleg set pris på norsk bistand.

Eg sit att med tankar om korleis verda verkeleg ser ut. Eg sit att med undring og håp for framtida til barna eg møtte. Og ikkje minst har eg lært at bistand på lavt plan er kanskje den hjelpa som har mest innverknad på kvart individ sitt liv. Eg ser fram til eg ein gong reiser tilbake.

Frivillige, skulebarn og nordmenn på 17. mai-feiring. FOTO: Privat

Frivillige, skulebarn og det norske reisefølget på 17. mai-feiring. FOTO: Privat

 

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.