Julie Sætre

Julie Sætre

18 år gammal, og bur nord for Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Bærekraftig utvikling
ILLUSTRASJONSFOTO. Korallrev utanfor Palmyra. (Foto: Jim Maragos/U.S. Fish and Wildlife Service, CC BY-NC 2.0)
ILLUSTRASJONSFOTO. Korallrev utanfor Palmyra. (Foto: Jim Maragos/U.S. Fish and Wildlife Service, CC BY-NC 2.0)

Visste du at i fjor vart eit korallrev som strekker seg frå Brasil til Fransk Guyana offisielt kunngjort som “funne”, ved elvemunninga til Amazonas? Med eit unikt dyre- og planteliv ønsker forskarar å forstå eit nytt økosystem. No er det allereie i ferd med å verte øydelagt.

Greenpeace melder at berre 5 % av korallrevet er utforska, og dei antar at arealet er på om lag 9500 kvadratkilometer, som vil seie at revet er større enn øya Kypros. Det franske oljeboringselskapet Total ønsker å sette i gang med oljeboring innan året er omme, på det nærmaste berre 8 km frå korallrevet. Konsekvensane av dette er det ingen som har kjennskap til, men i verste fall kan økosystem verte øydelagde, og få store verknader i resten av verda.

I korallrevet er det nemleg eit unikt dyre- og planteliv, som ein endå ikkje veit kva betyr for andre økosystem. Oljeboringa kan dermed føre til ei farleg ubalanse om olja eller andre farlege stoff skulle nå revet.

Amazonasrevet strekker seg frå Brasil til Fransk Guyana. (Illustrasjon: Wikipedia, CC0 1.0)

Amazonasrevet strekker seg frå Brasil til Fransk Guyana. (Illustrasjon: Wikipedia, CC0 1.0)

Å risikere eit oljeutslepp er dermed for risikabelt ettersom konsekvensane kan vere større enn nokon veit. Likevel, dei antatt 14 milliardar oljetønnene som kan finnast seg i Foz do Amazonas Basin-området, er viktigare for selskapet enn berekraftig utvikling.

Problemet i verda er at satsinga på fornybar energi er for liten til at den klarar å stoppe oljetrengselen. Foreløpig er pengar viktigare enn bevaring av miljøet.

Ein gladnyheit er derimot India si satsing på solenergi, og avlyste planar om å byggje 14 nye kolkraftverk. I India har prisane på solenergi og solkraftverk det siste året minka kraftig, nok til at økonomien og miljøbevaringa speler på same lag. India skal selje straumen til utlandet, som vil vere med på å auke prosentdelen av fornybar energi brukt i verda.

India si utvikling viser at storsatsing på berekraftig energiproduksjon ikkje er umogleg, men kan til og med bidra til økonomisk oppgang ettersom prisane på solkraft stadig minkar.

India har som mål å produsere 175 GW berre med fornybare energikjelder, innan 2020. (Foto: CC0 Public Domain)

India har som mål å produsere 175 GW berre med fornybare energikjelder, innan 2020. (Foto: CC0 Public Domain)

Vis gjerne olje- og gasselskapet Total, og andre bedrifter med miljøskadelege visjonar, at vi ikkje er på lag med dei. Skriv under på Greenpeace si underskriftskampanje for sikring av Amazonasrevet.

Vil du bidra i diskusjonen?

OM FORFATTEREN