Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

I favelaen Rocinha, i Rio de Janeiro, er politiets spesialenheter med tunge våpen daglig kost. (FLICKR, rodrogolobo.com)
I favelaen Rocinha, i Rio de Janeiro, er politiets spesialenheter med tunge våpen daglig kost. (FLICKR, rodrogolobo.com)

Du er kanskje einig med meg når eg påstår at fotball-VM i Brasil i 2014 var eitt av dei beste verdsmeisterskapa i fotball verda nokon gong har sett. Nesten heile verda var i fotball-rus, medan andre måtte slite for vår lukke. Burde eit land som Brasil, med ein høg del fattige innbyggjarar få vere arrangør for eit så stort arrangement, når det går hardt utover dei som ikkje får føle gleda av det ein gong?


Brasil skal i 2016 vere vert for dei Olympiske Leikane. Som sagt, i 2014 arrangerte dei fotball-verdsmeisterskap, der kontroversielle skuldingar mot regjeringa kom fram; dei skaut og drap uskyldige menneske i favelaen. Dei «rydda gatene».
Favelaer er slummen i Latin-Amerika, der folk bur i fattigdom og elende. Rocinha er namnet på den største favelaen i Rio de Janeiro, og ein reknar med at over 70 000 menneske bur der i dag. Det er inga hemmelegheit at det går føre seg kriminelle handlingar i favelaene, slik som narkotika- og våpenhandel. Derfor danna regjeringa i 2008 eit eige avsnitt for politiet, UPP, som skulle vere synlege i favelaene for å oppretthalde fred.

Skuldingane mot politiet, UPP, gjekk ut på at dei ikkje var ute etter fred i det heile. I følgje BBC, etter ein artikkel om Brasil-VM, blir i gjennomsnitt fem personar drepne av UPP i favelaene kvar einaste dag, i tillegg til at polititenestemenn sine liv av og til går tapt.
Eit veldig stort problem er at uskyldige menneske bur vegg i vegg med gjeng- og narkotikamiljø. For det første er det sjølvsagt lettare å ta del i eit slikt miljø, når ein har det hengande over seg til ei kvar tid, og ein er kanskje desperat etter pengar for å halde både seg sjølv, og familien, i live. For det andre kan ein ikkje påstå at UPP er milde. Skotvekslingar og raid er ikkje eit sjeldant syn for observante favela-innbyggjarar. Dermed kan ingen føle seg tryggje.

Lagar UPP ei kjensle av terror og manglande sikkerheit, i staden for tryggleik og fred?

Eg er ikkje ute etter å henge ut UPP. Formålet med jobben dei gjer er viktig. Det eg stiller meg kritisk til er slik dei utfører han.

Regjeringa har fleire gonger vist at folkefest for nokon er viktigare enn nasjonal solidaritet for alle.

Rocinha, Rio de Janeiro sin største favela. (FLICKR, Kevin Jones)

Rocinha, Rio de Janeiro sin største favela. (FLICKR, Kevin Jones)

Då dei skulle renovere Maracanã, ein kjempestor fotballstadion i Rio, tvangsflytta dei over 600 favela-familiar, slik at dei kunne øydelegge «husa» deira, og byggje parkeringsplass for besøkjarane til stadionet.
Det kan diskuterast om Brasil var det rette landet til å arrangere fotball-VM. Pengane dei brukte på arrangementet, og som dei no brukar på OL vil eg heller råde dei til å bruke på å betre folkets levestandard.
Ein reknar med at om lag 105 milliardar kroner vart brukt av den brasilianske regjeringa for å gjere i stand til fotball-VM, og endå meir vil brukast til OL. Med desse pengane kunne ein ha sikra gode velferdsordningar for alle favela-innbyggjarane. Dei kunne ha fått betre utdanning, betre jobbar, meir pengar og til slutt – ein betre levestandard.

Eg meiner altså at det er regjeringas ansvar å ta vare på innbyggjarane som ikkje klarer å gjere meir sjølv. Dei som blir heldt nede, skal ikkje ligge nede. Dei skal løftast opp. Rekninga på den brasilianske versjonen av dei Olympiske Leikane kjem til å vere skyhøg. Eg rådar regjeringa til å anvende pengane betre. Eg er sjølv ekstremt glad i slike store sportsarrangement, men eg veit også kvar grensa går.

Kva tid skal vi slutte å setje andre sine liv på vent, berre for at vi som har mykje, skal få meir?

 

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.