Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Gullmedaljevinnaren i Handbike, Alex Zanardi, på medaljeseremonien under Paralympics i London, 2012. FOTO: Flickr, Paralympics Games.
Gullmedaljevinnaren i Handbike, Alex Zanardi, på medaljeseremonien under Paralympics i London, 2012. FOTO: Flickr, Paralympics Games.

Hadde eg spurt nokon om kva tid Paralympics 2016 startar, er eg overtyda om at dei fleste hadde rista på hovudet, og svart “eg veit ikkje”. Dei Olympiske Leikane vert større for kvart år som går, med fleire utøvarar, fleire sportsgreiner og fleire tilskodarar. Kor enn ein snudde seg var media proppa med stoff om dei nyaste vinnarane, dei største skuffelsane og ikkje minst det yrande folkelivet rundt leikane. Kvar er alt dette no? Leikane er langt frå over! For dei som ikkje veit det, sannsynligvis størstedelen av dei som les dette; Paralympics startar i morgon, 7. september.

Kva er det som gjer at vi bryr oss mindre om dei som er nøydd til å gjere ein ekstra innsats for å nå sine mål? Kven trur du hadde den vanskeligaste vegen til gullmedaljen? Den talentfulle symjaren Michael Phelps, eller amerikanske Jessica Long som grunna sjukdom måtte amputere begge føtene frå knea og ned, då ho var 15 månader? Sjølvsagt er symjarmiljøet tøft kor enn ein er, men for meg er det vanskelig å i det heile tatt forstå at ein kan symje utan føter.

 

Det paralympiske flagget.

Det paralympiske flagget. FOTO: Flickr, The Department for Culture, Media and Sport’s photostream.

4500 håpefulle utøvarar gler seg til i morgon, men dessverre er det ikkje så veldig mange som gler seg med dei. Ikkje så mange som det burde vere. Det er på tide at vi begynner å bry oss.

Sidan 1960 har Noreg tatt 304 medaljar i Paralympics, medan deltakarane i OL har vunne 63 medaljar, som vil seie 241 færre! Noreg er på 13. plass i oversikten over medaljar sidan 1960. Med denne statistikken burde vi nordmenn ha brydd oss betydeleg meir om våre gullhåp. Kvar er engasjementet?

Visste du at Noreg har 25 utøvarar med i år? Ikkje eg heller. Tommy Urhaug frå Radøy i Hordaland satsar på å gjere som han gjorde for 4 år sida, nemleg å ta eit nytt Paralympics-gull i bordtennis. Det same gjeld for symjaren Sarah Louise Rung, som er regjerande paralympisk, europeisk, og verdsmester på 200 meter, samt 50 meter butterfly. Og kva med Runar Steinstad som vann bronse i spydkast for 4 år sidan i London? Kvifor høyrer vi ikkje meir om desse medaljevinnarane?

7971120920_ad6e4d61ae_k

FOTO: Flickr, Farrukh

NRK, som skal sende konkurransar frå leikane på TV-skjermen, publiserte 19. august ein artikkel om eit historisk pengekutt for Paralympics. Det som gjer meg rasande er at det vart avdekka at dei brasilianske arrangørane manglar 670 millionar norske kroner (!) til leikane, og mykje av desse pengane vart heller brukt på OL. I tillegg melder dei om at der er 2 millionar ledige billettar til øvingane. Tenk på det, 2 millionar! Berre 12 % er av alle billettane er seld. Vi må verkeleg begynne å bry oss.

Det historiske pengekuttet ein ikkje har sett noko liknande til på 56 år, gjer at vakthald og transport blir nedprioritert i Paralympicsbyen Rio de Janeiro. I tillegg vart alle deltakarlanda lova pengestøtte av arrangøren. Løftet har dei ikkje klart å halde, noko som gjorde at deltakinga til fleire land såg skummel ut. Utøvarane risikerte at Paralympics-draumen brast berre få veker før leikane starta.

Foran f.v: Per Eugene Kristiansen (seiling), Birgit Skarstein (roing), Tommy Urhaug (bordtennis). Bak f.v: Aida Husic Dahlen (bordtennis), Marie Solberg (seiling), Cato Zahl Pedersen (Chef de Mission), Bjørnar Erikstad (seiling), Runar Steinstad (friidrett - spyd).

Foran f.v: Per Eugene Kristiansen (seiling), Birgit Skarstein (roing), Tommy Urhaug (bordtennis). Bak f.v: Aida Husic Dahlen (bordtennis), Marie Solberg (seiling), Cato Zahl Pedersen (Chef de Mission), Bjørnar Erikstad (seiling), Runar Steinstad (friidrett – spyd). FOTO: Flickr, Idrettsforbundet.

Med dette etterlyser eg ei felles nasjonal nedteljing til leikane, slik som til OL. Eg etterlyser ei kjensle av forventning, glede og engasjement frå oss som nasjon, for å kunne heie på våre utøvarar. Og ikkje minst etterlyser eg eit engasjement frå media si side, for ei likestilling i idrettsverden.

Eg håpar du, som eg, følgjer litt ekstra med på leikane i Rio i morgon, og heilt fram til avslutningsseremonien 17. september. Eg ynskjer Runar, Tommy, Sarah og alle dei 22 andre norske utøvarane lykke til, og eg håpar verkeleg vi snart begynner å bry oss.

Vil du bidra i diskusjonen?

OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.