Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Ein saharawisk gut ynskjer fred. (Flickr, Alvaro Leon)
Ein saharawisk gut ynskjer fred. (Flickr, Alvaro Leon)

Veit du eigentleg kva som skjer i Vest-Sahara?

Tretti år med undertrykking, mangel på ytringsfridom og okkupasjon pregar dagleg saharawiene. Tidlegare var Vest-Sahara spansk koloni, men på midten av 1970-talet trekte Spania seg ut. Dermed gjorde nabolanda Mauritania og Marokko krav på det saharawiske landet, for begge statane meinte at det høyrde til dei før koloniseringa.

Vest-Sahara sitt flagg. (Flickr, isa)

Etter at den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) avviste krava i 1975, trakk Mauritania seg tilbake, medan Marokko stilte endå sterkare. Etter at både FN og ICJ skjønte at Marokko ikkje ville vere lettmedgjerleg, bestemde dei at det skulle haldast ei folkeavstemming der den saharawiske nasjonen skulle få bestemme om landområda skulle vere underlagt Marokko eller ikkje. Dette vart oversett av Marokko.

I staden viste dei musklar. Ein såkalla ”Grøn marsj” vart sett i gong. 350 000 sivile marokkanarar busette seg utan forvarsel på saharawisk jord, noko som gjorde at majoriteten av saharawiene vart driven på flukt. Slik var det for tretti år sidan, og slik er det i dag. Dette er ikkje legitimt.

Ein høyrer ikkje mykje om denne konflikten i media i dag. Å rette meir fokus, og dermed meir press på slike saker er det eg trur vil hjelpe. Sjølv om det er ei konflikt som har vore lenge, betyr ikkje det at vi skal oversjå den, og berre la den fortsetje, slik dei før oss.

Ein høyrer derimot nokre gonger historier frå augevitne som er så uheldige å bu ved okkupert jord. Kvardagen deira er så langt unna ein vanleg nordmann sin som ein kan kome. Valdtekt, overgrep og forfølging, utført av det marokkanske politiet (!) er no blitt vanlig i Vest-Sahara. Eg trur ikkje at eg skjønar alvoret. Eg veit sjølvsagt at dette er horribelt, men redselen dei uskyldige saharawiene kjenner på berre dei går utanfor si eiga dør, er surrealistisk for meg og mi verkelegheit.

Ei historie som likevel har klart å sette spor i meg, er Sidi Mohammed Daddach si. Som saharawi vart han tvangsrekruttert for å kjempe saman med den marokkanske hæren mot si eiga nasjon. Då han i 1979 prøvde å desertere, vart han arrestert og fengsla for forræderi. Daddach vart dødsdømd. Kvar dag i fjorten år fekk han beskjed på at dette var hans siste dag på jorda. Kvar einaste dag i fjorten år trudde han at han skulle døy i morgon.

Heldigvis vart ikkje Daddach drepen. Etter fjorten år som dødsdømt, vart dommen omgjort til livstid. Han fekk si fridom tilbake i 2001, og året etter fekk han Raftoprisen for sitt arbeid for rettighetene til det saharawiske folket.

Dei saharawiske stemmene ynskjer å bli høyrd. Dei treng å bli høyrd. Derfor skal vi fortelje deira historier. Vi, som deira medmenneske, skal vise at vi bryr oss om dei som kvar dag er offer for marokkansk grådigheit. Vi skal fordømme Marokko si ulovlege okkupasjon, og deira motvilje til å samarbeide for ei fredeleg løysing. Sahara libre!

Les meir om konflikten og saharawiene sine historier her:

http://rasmusrasmussen.origo.no/-/bulletin/show/830566_et-slags-reisebrev?ref=checkpoint
http://www.saharawivoice.com/the-people

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.