Kristian Laxå

Kristian Laxå

Engasjert Haugesundar, som ikkje er heilt A4. Likar at ting rører på seg, og elskar å ha for mykje å gjere. Hardtslåande pønk er aldri feil og er glad i Twitter og den djupe samtalen, og hatar småprat. Interessert i historie og politikk, deriblant feminisme og miljø. Elskar språk, bøker og Europa, og du finn meg som regel med ein kopp med svartkaffi og ei ordbok.

Bærekraftig utvikling
Foto: UN Photo/UNICEF/Marco Dormino
Foto: UN Photo/UNICEF/Marco Dormino

Nye mål for berekraftig utvikling skal vedtakast – og det er bra, men om ein les måla for perioden 2015-2030 så vert eg ein smule skeptisk til korleis måla skal oppfyllast. Spesielt for til dømes Noreg, korleis skal Noreg klare å oppfylle til dømes punkt tretten av sytten som lyder som følgjer: «Take aktivt og umiddelbart ansvar for å kjempe mot klimaendringar og konsekvensane av desse». Me er ikkje noko forkjempar for miljøet. Eg sit igjen med kjensla av at hadde det vore opp til Noreg så hadde me latt denne skadelege trenden fortsetje til det ikkje lenger var noko «moder jord» igjen.

Heldigvis så vert ein forplikta til å oppfylle dei sytten berekraftigemåla. Dei nye berekraftigemåla skal gjelde for alle. Dei skal gjelde like mykje for Noreg som for USA eller Sierra Leone. Eg vil tru at me har ein lang veg å gå, til dømes når me skal oppfylle det allereie nemnde mål nummer tretten. Eit søk på «Globalis» syner at Noreg i 2010 slapp ut 57 tusen tonn med CO2. Til samanlikning slapp Sverige ut 52 tusen tonn med CO2 i 2010. Hos Noreg har det auka dramatisk sidan 1990-talet. I 1990 så slapp me ut 31 tusen tonn. I Sverige har det auka med tusen tonn, i 1990 slapp Sverige ut 51 tusen tonn. Det er ein ganske stor skilnad.

Mål nummer fjorten er også problematisk for Noreg. Det lyder som følgjer: «Bevare og bruke hav og marine ressursar på ein berekraftig måte». Dumping av elleve tonn gruveavfall i minuttet er ikkje det eg kallar å bevare hav og bruke marine ressursar på ein berekraftig måte. Ein kan vone at når berekraftsmåla trer i kraft, så mister Nordic Mining konsesjonen sin til å dumpe gruveavfall frå Engebø-fjellet i Førdefjorden.

Det er på tide å kjempe vidare mot ei sympatisk verd. Null-utslippssamfunnet er bra. Det handlar trass i alt om å bevare den kloden me har, sånn at generasjonar etter oss også kan dra nytte av dei same goda som har vorte tilgjengelege for oss. Om me ser utover i verda så kan ein sjå at sjølv om tusenårsmåla har vore effektive til å setje frågar som fattigdom og klima på dagsordenen, så har me diverre ein lang veg å gå.

På bakgrunn av tusenårsmåla så har me klart å senke verdas fattigdom frå 41% til 48%, og det er stort, men framleis så finnes det ein milliard som lev under Verdsbanken si fattigdomsgrense, i verda, i dag. 850 millionar manglar nok mat, sjølv om verda har nok mat til å mette alle.

Det er urettferdig.

Me burde fokusere på å fordele ressursane me har mellom verdas land på ein betre måte. Ein burde ikkje sitje her som eit ressurssterkt land og ikkje dele på goda. Det er det eg har kjensla av at industrialiserte land i verda i dag gjer, diverre. Sjølv om at eg også veit at me driv mykje handel og bistandsarbeid, så gjer me ikkje nok.

Dei nye berekraftsmåla til FN skal, som allereie nemnd, gjelde for alle, ingen kan seie nei.  Dei nye berekraftsmåla vil styrke kampen, ikkje berre på klimafronten, men også på fattigdomsfronten. For ting heng i saman. Om ein får mindre fattige så vil det langt på veg vere ein ressurs til å hjelpe på andre mål også, til dømes punkt nummer fem: «oppnå likestilling mellom kjønn, og myndiggjøre kvinner og jenter». Det vil hjelpe fordi me veit at dersom kvinner vert løfta ut av fattigdom så vil dei ha tid og ressursar til å fokusere på andre frågar i samfunnet. Det var trass i alt det som skjedde under den industrielle revolusjonen i Europa, og utan den industrielle revolusjonen som gjekk føre seg i England frå 1760-1840 så ville ikkje Suffragettene ha oppstått som rørsle i 1903.

Det er eit von at viss ein klarar å utrydde fattigdom og fordele ressursar på ein betre måte så vil mange av måla kome naturleg av seg sjølv, der i blant målet om likestilling. Det er lov å vone, noko anna kan me faktisk ikkje gjere. Det er ikkje opp til oss. Det er opp til verdssamfunnet å finne ei løysing – i fellesskap.

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Kristian Laxå

Kristian Laxå

Engasjert Haugesundar, som ikkje er heilt A4. Likar at ting rører på seg, og elskar å ha for mykje å gjere. Hardtslåande pønk er aldri feil og er glad i Twitter og den djupe samtalen, og hatar småprat. Interessert i historie og politikk, deriblant feminisme og miljø. Elskar språk, bøker og Europa, og du finn meg som regel med ein kopp med svartkaffi og ei ordbok.