Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.

Photo: flickr/cheriejoyful
Photo: flickr/cheriejoyful

Grunna eit forslag frå Bhutan vedtok FN i 2011 at verda skulle ha ein eigen dag for å feire og fremme «brutto nasjonallykke». Kvart år, den 20. mars, er altså den internasjonale dagen for lykke.

Her er landa rangert frå mest til minst lykkelig. Dei grøne landa er dei lykkeligaste. (Kjelde: NEF – New Economics Foundation)

 

Kvifor er der ein slik dag i det heile? FN skriv at det er ein del av ein stats oppgåver å sørgje for at menneske har eit anstendig liv, og generelt sett har det godt. Ein ynskjer altså at denne dagen skal ein tenkje ekstra på korleis ein kan betre forholda til menneske i land som ikkje er på topp når det gjeld levekår.

Britiske New Economics Foundation har laga ein «lykkeindeks» som er basert på tre informasjonsområder i eitt land; kor nøgd folk er med liva sine, økologisk fotavtrykk og forventa levealder. Noreg, som er eit land i beste velståande, med høg forventa levealder og svær materiell rikdom, skulle ein tru toppa lista. Det gjer vi ikkje. Vi blir forbigått av heile 21 land.

Overraskande nok er det mellom-amerikanske Costa Rica som stikk av med førsteplassen.

Etter mange år med forsking og research på kva som gjer eit individ lykkeleg, er mange samde om at vår tilknyting til andre menneske er elementært. Derfor er det bestemt at denne dagen skal i år handle om samvære og tilhøyrsle mellom menneske. Har du nokon gong høyrd om nokon som kjenner seg einsam og samstundes lykkeleg?

Fleire forskingsresultat viser at å gjere nokon andre glad, aukar din eigen livskvalitet. Igjen er det samvær mellom menneske som visast å gjere ein lykkeleg.

«The best way to cheer yourself up, is to cheer someone else up!» – Mark Twain

Sjølv meiner eg at lykke viser seg som ein fantastisk kjensle, som er universell for alle menneska på jorda, medan måten vi oppnår tilstanden på er svært ulik frå stad til stad, og kultur til kultur. For meg, som bur i verdas 22. lykkelegaste land, med stor materiell rikdom ift mange innbyggjarar i Costa Rica, er det kanskje vanskeleg å føle seg lykkeleg?

Eg trur at hadde berre nordmenn, inkludert meg, teke vare på sine privilegium ville mange ha hatt det betre i dag. Alle våre godar tar vi kanskje for gitt, og ytringsfridom, lang levealder, gode bustader og forholdsvis ubegrensa tilgang på vatn og mat er noko vi forventar. Sjølvsagt er eg svært glad i alle mine godar, men eg veit ikkje korleis det er å leve utan.

Ein smilande gut og ei jente frå Bamyan-proinsen i Afghanistan. (Kjelde: Wikipedia)

Slik har vi hatt det i Noreg i lang tid. Costa Rica har derimot ikkje det. Dei er på veg opp frå fattigdom, korrupsjon og generell levestandard. Det costa ricanske folket har opplevd både låg- og høgare levestandard. Då er det naturleg at dei tronar toppen av NEF sine indeksar, ettersom dei no veit kva dei gjekk glipp av tidlegare.

Eg trur at menneska har ein fundamental tanke om at alt kan, og alt skal betrast. Alltid er vi på jakt etter det beste, uansett utgangspunkt. Dermed vil det bli vanskelegare og vanskelegare å finne att lykkekjensla, ettersom krava blir større og større. Vil lykkekjensla svinne, medan verdas utvikling aukar?

Det er nettopp med dette grunnlaget eg meiner at temaet for årets lykke-dag er svært viktig. Nordmenn, og andre land med stor materiell rikdom, ser kanskje etter lykka i endå større materiell rikdom. Medan landa som er over Noreg på lista, som Bangladesh, El Salvador, Algerie og Albania ikkje har like stor materiell rikdom, og finn dermed lykka der den som oftast finnes, der folk er samen.

Derfor oppfordrer ein i dag til å vise ekstra omtanke for sine medmenneske, både interaktivt og direkte til ein annan person. Både din eigen, og andres lykke, er del av noko større. Den fundamentale grunnmuren for lykkekjensla må byggjast sterkare, og i dag er dagen for å gjere det.

Vil du bidra i diskusjonen?


OM FORFATTEREN
Julie Sætre

Julie Sætre

19 år gammal, og bur og studerer i Bergen. Eg er svært glad i nynorsk, samt internasjonale spørsmål som omhandlar bekjemping av fattigdom, kamp for å styrke kvinner si stilling og utdanning til alle.